Tirsdag 20. november kl 19. Vi holder til i 2.etasje over biblioteket; Vegglitunet.
I samarbeid med Rollag Bygdekvinnelag presenterer Narve Lid den rykende ferske boka si: I fotspora til kunstmålaren Jacob Gløersen.

Jacob Gløersen (1852-1912) budde i Rollag i flerie perioder og måla lokale motiver med landskap, folk, og fe.

Bakgrunnen for Narve si interesse for Jacob Gløersen er at bestefar hans, Narve H. Lid, sto modell for Gløersen fleire gongar når han budde i Rollag, i Numedal.
Et av bildene Narve H. Lid sto modell for er “Gjetergutter” (1893), som nå er hos Bergen Kunstmuseum.

Narve H. Lid skriv i “Fjøsliboka”: “Ein somardag med gråver og regn kom Gløersen og vilde få meg med. Han hadde da «tufta» eit maleri nede poa Løkmyran. Ola Aasberg og eg skulde vera «modell» som gjætslegutar. (O. Aa. var gjætar i Fjøslia den somaren). Vi heldt oss under ei svær lurvegran inni ein haug i myra. Ola stod innått granleggen med ein sekk over aksler og rygg til varning mot regnet. Eg satt på ei høg granrot og hadde ei velbrukt oljetrøye som regnverje. Framfor oss hadde vi ein bra varme og laut verja oss mot røyken. Buskapen hamna – rogjengde i regnet – nordover dei lange myrane. I bakgrunnen regntung dis over lendet som stig mot Gudbrandsæterfjellet.”

Kom og høyr forfattaren Narve Lid fortelje historia om korleis boka om kunstmålaren Jacob Gløersen vart til.

Translate »